Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Arbeidsgivar HR > Arbeidsgivarpolitikk > Den nye arbeidsgivarpolitikken - kva skjer ?

Den nye arbeidsgivarpolitikken - kva skjer ?

Den nye arbeidsgivarpolitikken som vart vedteken av Fylkestinget i fjor vår vart introdusert for alle leiarar, tillitsvalte og verneombod gjennom vår nye årlege arbeidsgivarpolitikk-konferanse i november 2009. Denne artikkelen seier litt om aktuelle aktivitetar som no er, eller blir satt i gang for å implementere arbeidsgivarpolitikken.

Målet er at satsinga skal nå ut til, og involvere alle tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Som tydelege medspelarar skal vi saman bygge fylket med best mogleg kvalitet på tenester til våre innbyggarar, kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.

 

Tidspunkt for aktuelle fylkesinitierte aktivitetar blir lagt ut på kalenderfunksjonen på nettsidene fortløpande. Påmelding skjer også gjennom å bruke funksjonalitetane i kalenderfunksjonen.

Omdømmeprosjektet

Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i eit nasjonalt omdømmeprosjekt i regi av Kommunenes Sentralforbund som skal understøtte og vere tydeleg kopla til implementering av den nye arbeidsgivarpolitikken. Meir informasjon om prosjektet finn du på nettsidene våre under menypunktet arbeidsgivarpolitikk - visjon, verdiar og mål.

Prosjektgruppa arbeider no med utvikling av bransjetilpassa materiell som skal nyttast i samband med implementering av arbeidsgivarpolitikken og for profilering av fylkeskommunen.

Arbeidsgivarpolitiske verkstader

Konseptet arbeidsgivarpolitiske verkstader  er utvikla som ei arbeidsform og ein metode for å skape refleksjon på kvar enkelt arbeidsplass rundt sentrale utviklings- og utfordringsområde i arbeidsgivarpolitikken generelt, og fokus på visjon og verdigrunnlag for å bygge felles identitet spesielt.

Dei arbeidsgivarpolitiske verkstadane blir gjennomført gjennom to fasar. I første fase blir det gjennomført regionvise verkstader der leiarar, tillitvalte, internkonsulentar og hovudverneombod får skolering slik at dei i neste fase kan køyre verkstader etter same modell i eiga verksemd. Det vil bli køyrt 4 regionvise verkstadar for skolane, 1 for sentraladministrasjonen og 1 for tannhelse.

Første regionvise verkstad blir for tannhelse 04.11.10 og første verkstad for skolane blir 01.12.10.

Internkonsulentar

Det har no gått ut ein invitasjon til alle einingar der det blir søkt etter medarbeidarar som kan vere gode støttespelarar for leiarane i samband med førebuing og gjennomføring av dei arbeidsgivarpolitiske verkstadane. Internkonsulentane må vere motiverte og personlege eigna for ei slik oppgåve. Du kan lese meir om invitasjonen og internkonsulentrolla her.

Fristen for å identifisere kandidatar til ei slik internkonsulentrolle er satt til 01.10.10.

 

Fylkesakademiet

Fylkesakademiet er etablert som ein arena for fylkesinitierte opplæringstiltak på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet for heile organisasjonen. Vi viser til eige menypunkt under arbeidsgivarpolitikk - Fylkesakademiet for meir informasjon. Opplæringstiltaka blir også fortløpande lagt inn i kalenderfunksjonen.

Vi vil her nemne:

  Den 16.09.10 blir den første introduksjonsdagen halden etter det nye introduksjonsprogrammet.

 Stad: Alexandra Hotel i Molde.

  • Nytt rekrutteringsverkty

  Gjennom Visma Enterprise får vi ei ny fullelektronisk rekrutteringsløysing. Denne skal vere operativ seinast 15.10.10. Opplæring i bruk av verktyet vil i hovudsak skje i løpet av veke nr. 37 og 38.

  Den 17. og 18.11.10 blir årets AGP-konferanse for leiarar, tillitsvalde og verneombod halden. Stad: Rica Parken Hotel i Ålesund.

  Detaljprogrammet er no nesten på plass og det blir eit  spanande program med både interne og eksterne bidragsytarar. Dei eksterne innleiarane er Rigmor Brøste Kjersem (rådmann i   Nesset), Åsbjørn Vetti (frå KS konsulent og leiar av omdømmeprosjektet i KS)  og ikkje minst ser vi fram til å kunne presentere Professor Guttorm Fløistad.

  Målet er å kunne starte med første kull i det nyutvikla leiarutviklingsprogrammet våren 2011. Her kan du lese meir om korleis programmet er tenkt bygd opp.

 

 Leiarutvikling vil no bli omfatta av ein anbodskonkurranse.