Årsrapport tannhelse 2017
Årsrapporten beskriv korleis fylkeskommunen løyste samfunnsoppdraget sitt på tannhelsefeltet i 2017.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse
Her finn du intranettsidene til tannhelsesektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidene er primært laga for eigne tilsette i fylkeskommunen, men er tilgjengelege for alle nettbrukarar. Her finn du også nyttig informasjon om IT-systema som nyttast innan tannhelse, med brukarrettleiingar, spørsmål og svar og relevante kontaktpersoner.
Årsrapporten beskriv korleis fylkeskommunen løyste samfunnsoppdraget sitt på tannhelsefeltet i 2017.
Tannhelsetenesta kallar inn regelmessig alle barn frå 3 til 18 år, og har i samband med tannbehandling høve til å avdekke omsorgssvikt og overgrep. Tannhelsetenesta har meldeplikt til barnvernet, jfr. Helsepersonelloven §33: «Opplysninger til barneverntjenesten».
Andrea Lode (29) er tilsett som rådgivar ved fylkestannlegekontoret. Andrea har ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, og kjem frå ei rådgivarstilling i Nesset kommune.
AGP-konferansen 2018 er godkjent med 10 kurstimar i NTFs obligatoriske etterutdanningssystem. Medlemmer kan registrere timane på «Min side» (NTF) frå første dag av konferansen. Målgruppa for AGP-konferansen er leiarar, tillitsvalde og verneombod.
Siv Lilleholt er tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion etter at Bjørn Eggen går av med pensjon. Lilleholt tiltrer i stillinga i april.
Fylkestannlegen inviterar klinikkleiarar, overtannlegar og hovudtillitsvalde til 2-dagarssamling i mai på Quality Hotel Alexandra i Molde.
Styringsdialogmøta er to faste årlege kontaktmøte mellom fylkestannlegen, overtannlegen og klinikkleiarane i regionen.
Heftet Veiledning og instuksjoner i bruk av OPUS, også kjent som "OPUS-guiden" ligg no føre i oppdatert versjon.
Tannhelsetenesta har fått eigen plan for beredskap og krisehandtering.