Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Støtteseksjonar > Nyheiter > El-sykkel for sentraladministrasjonen. Det er grønt og det er gøy!

Kontaktpersonar

Stephen Oommen Stephen Oommen
Miljørådgivar
71 28 02 19 /
Mob. +4746276273
Send e-post

El-sykkel for sentraladministrasjonen. Det er grønt og det er gøy!

Etter å ha fått mange positive tilbakemeldingar frå prøvedagane, har leiinga vedteke at vi skal ha ein el-sykkel tilgjengeleg for alle tilsette i sentraladministrasjonen. Føremålet er å motivere dei tilsette til å erstatte kjøring med eigen bil i Molde med bruk av el-sykkel.

Stephen Oommen - El-sykkel

Nøkkelen og hjelmen vil vere tilgjengeleg frå resepsjonen mellom kl. 0800 og 1530, og alle tilsette i sentraladministrasjonen har mulegheit til å låne sykkelen. Sykkelen står parkert ved bakre inngang, og må settast tilbake på rett plass etter bruk. Brukarane må hugse å sette den på lading igjen etter bruk, då blir det lettare for dei som kjem etter! Brukarane må ta ansvar for sykkelen – og seg sjølv – når den er i bruk. Den kan gå ganske fort!
Vi håper at flest muleg av dei tilsette prøver sykkelen. Gi oss gjerne ei tilbakemelding på om du syns, og om vi bør skaffe fleire el-syklar for sentraladministrasjonen!