Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Støtteseksjonar > Nyheiter > Kollektivkortet erstattar “Storkundekortet”

Kollektivkortet erstattar “Storkundekortet”

Fylkeskommunen har no teke i bruk det nye Kollektivkortet. Kortet erstattar det man tidlegare kalla “Storkundekort”. Den nye løysninga kan nyttast på alle bussar og hurtigbåtar i fylket.

Kortet kan som tidlegare nyttast på gjennomgåande buss- og ferjebillettar. Det betyr at ein kjøper bussbillett og ferjebillett på bussen for reisestrekningar som inneheld ferje. Kollektivkortet kan ikkje nyttast som betalingsmiddel aleine på ferjene.

Kollektivkortet som fylkeskommunen nyttar er ei kredittbetaling. Bruken vert registrert på kortet, og vert fakturert den enkelte avdeling/eining etterskotsvis. Kollektivkortet er i utgangspunktet upersonleg og kan nyttast av fleire innan same avdeling/eining. Kvitteringar for bruk av kollektivkort skal leverast etter den einskilde avdeling/einig sine rutinar.

Det er viktig å understreke at kortet skal nyttast kun i jobbsamanheng og ikkje privat.

Dersom det er avdelingar eller seksjonar som framleis ikkje har fått tilbod kollektivkort, kan dei kontakte Vegard Sandberg på tlf.: 72 25 85 99 eller på e-post: vegard.sandberg@mrfylke.no.

Spørsmål om Kollektivkortet, kan rettast til same person.