Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Støtteseksjonar > Nyheiter > Rektorar kursa i krisehandtering

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
kommunikasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post

Rektorar kursa i krisehandtering

Sist veke var rektorar samla til kurs i krisehandtering på Høgskulen i Volda. Kurset var eit samarbeid mellom linja for PR, kommunikasjon og media ved høgskulen og informasjonsseksjonen.

Alle rektorane fekk studiotrening på kurset

Alle rektorane fekk prøve seg i tv-studioet

Rektorane fekk ein brå start på kurset då studentar i roller som journalister kom inn i rommet der dei hadde lunsj, og stilte pågåande spørsmål rundt eit mogleg virusutbrot ved skulen deira. Dette var det første av dei tre scenaria som vart gjennomført i løpet av kriseøvinga. Den andre episoda omfatta ein tilsett ved skolen, som vart arrestert under en razzia på ein nattklubb i Stockholm.  Medan det siste scenarioet handla om ein minibuss med elevar frå skulen, som kjørte av vegen på ein fylkesveg i Rauma.

Øvinga var nøye regissert med stort trykk frå media og sette krav til god kommunikasjon med helsevesen, presse og engstelige pårørande som ringte. Øvinga vart avslutta med ein pressekonferanse der alle involverte deltok. Samtlege rektorar fekk og prøve seg i tv-studio med påfølgjande rettleiing.

Gjennom eit nært og personleg intervju med direktør Roar Tobro ved Høyskolen i Ålesund, fekk rektorane eit innblikk i korleis det er som leiar å handtere krevjande saker som Anja-saka, og verdien av gode beredskapsplanar. 

Professor ved Institutt for Nevromedisin på NTNU i Trondheim, Are Holen sette øvinga inn ei fagleg kontekst i lys menneskelige reaksjonar etter traumatiske kriser.

– Det er viktig for å sette beredskapsprosessen i gang, og ei slik øving er det næraste ein kjem virkeligheita. Målet er å sette i gong ein prosess for å skape bevisstheit rundt dette, seier Kjetil Rød, som har doktorgrad i risikokommunikasjon.

Simuleringsstaben i aksjon

Simuleringsstaben i aksjon

Ei av gruppene i aksjon under kriseøvinga

Ei av gruppene i aksjon under kriseøvinga

 

Utd.sjef Sverre Hollen i samtale med ei av kriseleiingane

Utd.sjef Sverre Hollen i samtale med ei av kriseleiingane

Alle rektorane fekk studiotrening på kurset

Alle rektorane fekk studiotrening på kurset