Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Framsida > Elevar > Eksamen > Eksamensreglement

Eksamensreglement

Følgjande punkt er du som elev pliktig å setje deg inn i:

1. Elevar skal bruke eigen private PC til skriftlege sentralgitte eller lokalgitte eksamenar, dersom ikkje noko anna er avtala. Unntak er i del 1 i todelt eksamen etter modell 2, der berre svært avgrensa hjelpemiddel er tillate.

2. Programmet preSens SKAL vere installert på alle PCar som blir brukt under eksamen. Eleven skal under heile eksamen vere pålogga dette programmet med feidebrukaren sin. Om eleven bryt denne pålogginga må det sjåast på som fusk. Då dette indikerer at eleven koplar seg til anna nettverk. Elevar som ikkje har dette, finn dette på skulen sitt nett ved å skrive inn: http://10.247.116.100  (her finn du også nettsider som er tillate å bruke på eksamen) eller på http://presens.mrfylke.no

3. Om ikkje anna er avtalt er alle hjelpemiddel, unntatt internett/kommunikasjon, tillatne.  

4. Du er sjølv ansvarlig for å lagre ofte på din private PC. Dersom ikkje noko anna er avtalt skal besvarelsen skal leverast elektronisk på nettsida www.pgsa.udir.no.

5. Eg er kjent med at skulen sin mal for eksamensbesvarelse skal brukast og at eg må fjerne mitt namn i fila som blir levert inn. Då både i filnamn og som forfattar av fila/dokumentet. 

6. Eg er kjent med at eg ikkje har lov til å kople meg til Internett eller nytte annan form for kommunikasjon til medelevar eller andre via mobiltelefon, bluetoothsamband eller liknande under eksamen.

7. Eg kjenner og til at eg ikkje kan ha installert eller installere omsettingsprogram på PCen når det er eksamen i norsk eller framandspråk.

8. Eg kjenner til at skolen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om delar av besvarelsen kan vere henta frå kjelder på Internett og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre.

9. Brot på nokon av desse reglane vil det kunne bli rekna som fusk, og det blir handsama etter § 3-37 i Forskrift til opplæringslova.

10. Konsekvens kan bli annullering av eksamen og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget. Det kan også bli konsekvens i form av nedsett åtferdskarakter.

 

Eg har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen her ved Sykkylven vidaregåande skule.

Klasse: ……………………..

 

 

…………………………………………………                                              ……………………………………………………………………

Stad og dato                                                                                                    Elevens underskrift