Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

IKT

Opningstider IT-Kontoret: 

Mandag-fredag: 08.00 - 15.30

 

Informasjon om PC-ordninga

Skal du starte på vidaregåande skole til hausten? Da må du ha datamaskin.

Som elev ved ein av Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar må du ha datamaskin. Du kan velje mellom to ordningar:

1. Fylkeskommunal elev-PC (skulen anbefaler at alle elevar vel denne løysninga. Du nyttar utstyrsstipendet, dermed blir PCen gratis)

2. Få PC-stipend frå fylkeskommunen

 

1.    Fylkeskommunal elev-PC

  • Lenovo ThinkPad T470 (sjå spesifikasjon). Årleg eigendel kr. 1014,- (tilsvarer utstyrsstipendet som alle får frå Lånekassa)
  • Du får rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune ein gong i året, i tre år (til saman tre betalingar). Etter tre betalingar, er PC-en din.
  • Beløpet på kvar rekning blir det same beløpet som lånekassen betalar ut i utstyrsstipend kvart år (link til Lånekassen).
  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna byte av skjerm eller harddisk. Den kan også gi rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).
  • Meir informasjon om ordninga og korleis du legg inn ei bestilling får du på sms.
 

 2.   Få PC-stipend frå fylkeskommunen

  • Du får eit «PC-stipend» frå Møre og Romsdal fylkeskommune på kr 2500. Utbetalinga er i slutten av september og dette er eit eingongsbeløp.  ​
  • Når du tek imot PC-stipend må du sjølv sørge for å ha ei datamaskin som har minst like god kapasitet som fylkes-PCen. Les viktig tilleggsinformasjon under. Du står ellers fritt til å velje kva datamaskin du ønskjer, men den må vare klar til skolestart. ​
  • Du må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at du heile tida har tilgang til datamaskin.
  • Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Office 365).
 

Les meir om PC-ordninga her!

Kontaktpersonar

Hans Petter Sørensen
Lektor m/tilleggsutd og Systemansvarlig Sykkylven VGS
71 28 22 39
Send e-post
Daniel Djupvik Sætre
IT-Lærling
71 28 22 40
Send e-post
Ole Anders Fjelle Thomassen
Lærling
71 28 22 41 / Mob. 481 58 459
Send e-post