Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Framsida > Føresette > Foreldresamarbeid

Foreldresamarbeid

Vi ynskjer eit tett og godt samarbeid med føresette. Vi får ekstra glede av dette samarbeidet i samband med utveksling, men kommunikasjon heim - skule er også viktig for eleven med omsyn til resultat og gjennomføring.

Like etter skulestart, vil føresette til VG1- og VG2-elevar bli invitert til eit informasjonsmøte. Dette møtet vil i hovudsak gjelde generell informasjon.

Tidleg i skuleåret får føresette til VG1- og VG2-elevar invitasjon til ein oppstartsamtale med kontaktlærar. Temaet er mål for året og utarbeiding av individuell utdanningsplan.

Føresette til elevar under 18 år, vil og bli inviteret til ein halvårssamtale på nyåret. Desse møta gjeld enkelt-elev og deira skulekvardag, fagleg og sosialt. 

INFORMASJONSMØTE
Føresette VG1, studiespesialisering onsdag 28.august kl. 18.00
Føresette VG1, yrkesfag onsdag 28.august kl. 19.00

Føresette VG2, studiespesialisering  onsdag 4.september kl.18.00
Føresette VG2, yrkesfag onsdag 4.september kl. 19.00