Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > NYHEITER > Studentbobla UB til NM

Studentbobla UB til NM

Fylkesmessa i regi av Ungt Entreprenørskap gjekk av stabelen denne veka. Våre tre bedrifter var nominert til fleire prisar. Brikk UB enda opp med tre tredjeplassar i kategoriane Beste samarbeid med næringslivet, Berekraft og Beste marknadsføring. Stålt UB var mellom anna nominert til Beste yrkesfaglege bedrift, men nådde ikkje heilt opp denne gongen. Studentbobla UB tok fyrsteprisen i Beste kundeoppleving på nett, og dermed er dei kvalifisert til NM-deltaking. Gratulerer!