Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Nyheiter > Hospitering

Hospitering for 10. trinn

Skulen vår har eit breidt fagtilbod for å gi elevane eit godt utgangspunkt for vidare studiar, både i teoretiske fag og i praktiske fag.

Hospiteringa blir i veke 46, samt mandag i veke 47. Da kan du få oppleve korleis det er å vere elev hos oss.

Plan for dagane, kl 9-14:

ST - Studiespesialisering:

  • Tysdag 14., onsdag 15. november, mandag 20. november
  • Oppmøte kvar dag på auditoriet i 2. etg kl 9.00.

HO - Helse og oppvekstfag: 

  • Tysdag 14. og onsdag 15. november
  • Oppmøte kvar dag i vestibyla kl 9.00.

DH - Design og handverk:

  • Torsdag 16. november
  • Oppmøte i vestibyla kl 9.00
  • Eige opplegg saman med faglærar i Design og handverk.

TIP - Teknikk og industriell produksjon: 

  • Oppmøte kvar dag i vestibyla kl 9.00.
  • Tysdag 14. november: Formiddag på snikkarverkstad med Vg1. Ettermiddag blir det mekanisk verkstad med Vg2.
  • Onsdag 15. november: Formiddag på mekanisk verkstad med Vg2. Ettermiddag blir det snikkarverkstad med Vg1.
  • Mandag 20. november: Formiddag på mekanisk verkstad med Vg1. Ettermiddag blir det snikkarverkstad med Vg1  

EL - Elektrofag: 

  • Tysdag 14., onsdag 15. og mandag 20. november
  • Oppmøte kvar dag i vestibyla kl 9.00.
  • På formiddagane blir det elektronikk og data med Vg1. Ettermiddag  blir det automatisering med Vg2/ Vg3.

Skulen har ein logo som er fargerik, akkurat som vårt utval av studieprogram og våre dyktige faglærarar. Velkommen!