Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Nyheiter > PC for nye elevar 2014-2015

PC for nye elevar 2014-2015

Tips til alle 10.klassingar som skal begynne på Sykkylven vidaregåande skule til hausten. No kan du bestille "gratis pc" hos Møre og Romsdal Fylkeskommune. Gå inn på denne linken for å gjere bestillinga: http://ungweb.no/UNGweb/Utdanning/Den-digitale-skulen/PC-ordninga

Fristen for å melde seg på er 4.juli.

Med PC-en følgjer ei service- og forsikringsordning som gir fri service og forsikring dersom uhellet er ute. Til dømes dekkjer forsikringa bytte av skjerm dersom denne vert knust. Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (til dømes ved tjuveri). Om uhellet er ute vi du i tillegg få låne ein gratis PC om din er på reperasjon. Vi sender den inn og du får den tilbake på skulen. Dei som har sin eigen private PC, altså ikkje fått av fylket, kan ikkje rekne med å få hjelp på same måte med sin PC. Skulen anbefaler på det sterkaste å velje denne gode PC ordninga som fylket står bak.
Velkommen til Sykkylven vidaregåande skule.
PC-ordninga / Den digitale skulen / Utdanning - Ungweb