Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Nyheiter > Robotikk og digitalisering

Robotikk og digitalisering

Elektrofag med studiespesialisering

Sykkylven vidaregåande skule tilbyr frå hausten 2020 ny linje i robotikk og digitalisering

Bedrifter i Sykkylven og Stranda er i front når det gjeld bruk av robotar. Dette er ei framtidsretta utdanning retta mot høgare teknisk utdanning. Etter 3 år kan du søkje rett inn på t.d. ingeniør og sivilingeniørstuder. Vi oppfordrar også jenter til å søkje. Dette er eit tilbod til dei som ynskjer å gå vidare på ingeniørstudie rett etter vidaregåande. Teorien er avansert, men i kombinasjon med praktisk kunnskap innan elektrofag, automatisering og robotikk, vil dette gi ein unik og interessant veg fram mot studiekompetanse.

Løpet som gir kompetanse til å handtere ei stadig meir kompleks verd

Eleven vil få fordjuping innan elektrofag, automatisering, robotikk og kybernetikk. Teknologifag med praktisk undervisning vil altså utgjere ein stor del av denne linja, men elevane får også realfag og dermed spesiell studiekompetanse. Desse ungdommane vil gå ut av vidaregåande svært godt rusta til å gå laus på ei teknologisk utdanning på høgskulenivå.

Studiet lærer deg korleis kompliserte system kan styrast  og overvåkast ved å kombinere ulike målemetodar, datateknologi og matematiske utrekningar. Du får lære om ulike automasjon- og robotsystem,  koding og programmering, datakommunikasjon, servoteknikk og pneumatikksystem.

I løpet av dei tre åra på vidaregåande, vil eleven få  viktig yrkesfagleg praksis i nært samarbeid med  framtidig arbeidsliv.

Gjennom å fordele faga over tre år, får ein ei god veksling mellom praktiske og teoretiske fag. Det fyrste året jobbar vi med grunnleggande elektrofag og realfag. Deretter blir det fordjuping innan elektro- og automatiseringssystem, datakommunikasjon, programmering og robotikk. I tillegg får du fellesfag og realfaga matematikk 1T, R1 og R2, samt fysikk 1.

Sykkylven vidaregåande skule har i juni 2019 oppgradert sin robotlab, slik at vi no har nyaste teknologi tilgjengeleg. Totalt har vi 5 robotar, der 3 av dei er i samarbeid med Ekornes. Vi har kompetente faglærarar som har god kontakt med industrien i distriktet. Sjå vedlagte oversikter over timefordeling og ulike utdanningsvegar.