Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Om skulen > Historikk

Historikk

Skulen starta første undervisningsåret i august 1974 med flg. undervisningstilbod / klassar:

1 kl grunnkurs allmennfag
1 kl grunnkurs handels- og kontorfag
1 kl grunnkurs hushaldsfag
1 kl grunnkurs mekaniske fag
1 kl grunnkurs saumfag

Samla ca. 85 elevar. Seinare utvikla skulen seg med 2-årige og 3-årige tilbod.

Elevane som starta grunnkurs allmennfag hausten 1977 var dei fyrste elevane som kunne fullføre 3 årig utdaning ved Sykkylven vidaregåande skule i 1980.

I 1984 fullførte første kullet ei 3 årig utdaning innan studieretninga handels- og kontorfag. Fyrst med tilbod innan rekneskapsfag og seinare også marknadsføring. Diverre synte det seg at dei økonomiske faga blei svekka i Reform 94. Studieretning handels- og kontorfag blei teken bort som eiga studieretning. I 1996 avslutta dei siste elevane ei slik utdaning.

1974_75_hk_og_jhvik1_medium

Innan mekaniske fag, kunne skulen frå skuleåret 1989/90 gi tilbod om vidaregåande kurs I innan maskinarbeidarfaget.

1974_karsten_medium

Etter fleire års førearbeid, kunne skulen ønskje dei fyrste studentane velkomne til 2-årig teknisk fagskule driftslinje for møbelindustrien hausten 1985.

I samband med innføring av Reform 94, kunne skulen frå 1994 gi tilbod om studieretning trearbeidsfag med grunnkurs med VK I snikkar- og tapetserarfag frå året etter. Frå 1995 kom også vidaregåande kurs teikning/form/farge og vidaregåande kurs omsorgsfag.

1992_gudmund_kjoekkenet_medium

Frå skuleåret 1998/99 gir skulen tilbod om allmennfagleg påbyggingskurs VK II for elevar med grunnkurs og VK I frå yrkesfaglege studieretningar som ønskjer generell studiekompetanse.

Undervisningstilbodet i dag går fram av eige oversyn

Etter å ha starta undervisninga i Sykkylven kommune / Sykkylven Samfunnshus sine lokaler, stod 1. byggesteg ferdig i 1977 og dei fleste klassane flytta inn i nytt skulebygg i mars 1979. Seinare bygde Sykkylven kommune to klasserom i 1985 i samband med oppstarting av teknisk fagskule. I 1990 kjøpte skulen seksjonar til 4 klasserom i samband med staten si satsing på ekstraklassar. Men undervisninga var framleis spreidd på 5 ulike bygningar.

Det var klart alt ved planlegginga av skulen tidleg på 70-talet at skulen måtte ha eit nytt byggesteg for å romme alle klassane. Slik den fylkeskommunale økonomien utvikla seg, stoppa byggjeverksemda i skulesektoren heilt opp. Skulen måtte sjå seg om etter andre løysingar.

Etter god hjelp frå Sykkylven kommune, lokalt næringsliv, organisasjonar og einskild personar, blei Kompetansebygg A/S stifta den 30.08.90 med eigenkapital på Kr 2.100.000,-. Av dette ein aksjekapital på Kr 1.000.000,-

Samstundes starta planleggingsarbeidet for byggesteg IV tilbygg på 1.267 m² kostnadsrekna til Kr 8.540.000,- Dette bygget stod ferdig seinhaustes 1991 og inneheld verkstad for elektromekaniske fag, datarom, RISS, språklaboratorium, klasserom og avd. for helse- og sosialfag. Lokala blei leigde ut til fylkeskommunen som skal ta over bygget i år 2005.

I samband med Reform 94 stod skulen framfor nye utfordringar sidan vi ikkje hadde lokaler som kunne romme dei nye tilboda. Det syntest nyttelaust å få fylkeskommunen til å bygge og ikkje var det høvelege lokaler skulen kunne leige.

Tanken om å nytte Kompetansebygg A/S til å føre opp lokaler for trearbeidsavdeling blei så presentert for fylkeskommunen og fylkestinget vedtok å nytte seg av tilbodet frå Kompetansebygg A/S

Så langt vi kjenner til, har ikkje næringsliv og privatpersonar tidlegare gått inn med kapital for bygging av vidaregåande skule her i fylket. Prosjektet er såleis eineståande i sitt slag.

Sykkylven vidaregåande skule har fått gode og tenlege lokaler for trearbeidsavdelinga. I bygget er det plass til dei ordinære klassane i trearbeidsfag i tillegg til dei AMO-kursa skulen driv for arbeidskraftmyndigheitene. Lokala kan såleis gi plass for 7 klassar innan trearbeidsfag.

trearb_dreiebenk_medium

På vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune har Kompetansebygg A/S over ein 4 års periode ført opp tilbygg til skulen på nær 3.000 m² til ein kostnad av ca. Kr 21.000.000,-

På dette viset har skulen kunne seie opp andre leigeavtalar og auka arealet til br. ca. 7.500 m².

Våren 2000 tok skulen i bruk tilbygg som utvidar personalrom, arbeidsrom for lærarar og aukar talet på kontor.

Sykkylven vidaregåande skule har status som regional lærlingseskule og organiserer desentralisert lærlingseskule for tilsette i møbelindustrien i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Alt i 1978 tok MIL og Møregruppa initiativet til å starte opp eit kompetansesenter for møbelsaum i Sykkylven. Dette senteret blei etablert i 1979 og vart drive som eit samarbeid mellom Møregruppa, Fylkesarbeidskontoret og Sykkylven vidaregåande skule. I dei siste åra har dette senteret vore drive som eit AMO-senter med opplæring i industrisnikkarfag, indistritapetseringsfag og overflatebehandling.

I samarbeid med arbeidsmarknadsetaten tilbyr skulen kurs over 19 veker i trearbeidsfag. I tillegg blir det også arrangert 8 vekers kurs i lakkering og overflatebehandling.