Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Om skulen > Visjon og Mål

Visjon

Visjon:

Sykkylven vidaregåande skule - ein aktiv læringsarena

Visjon

Alle i skulesamfunnet har ansvar for å skape eit inspirerande arbeids- og læringsmiljø som fremjar fagleg og personleg utvikling. Eit slikt miljø må byggje på trivsel og tryggleik.
For ein skule med eit breitt spekter av fagleg kompetanse, interesser og behov, er det viktig å utvikle toleranse og respekt for kvarandre.
Både elevar og tilsette må oppleve at dei er verdifulle og likeverdige i eit inkluderande fellesskap.

  • Skulen skal leggje vekt på organiseringsformer og arbeidsmåtar som fremjar fagleg fordjuping. Gjennom tilpassa opplæring legg vi til rette for at alle skal oppleve meistring.
  • Skulen skal setje elevane i sentrum. Dei deltek aktivt og har medansvar for, og reell innverknad på, skulearbeidet.
  • Lærarane skal samarbeide og leggje planar for å gi elevane ei heilskapleg opplæring. Dei er aktive i rolla som kunnskapsformidlarar, tilretteleggjarar, rettleiarar og omsorgspersonar.
  • Skuleleiinga skal tilretteleggje læringsarbeidet og engasjere seg i pedagogisk utviklingsarbeid.

 

Kontaktpersonar

Hans Petter Sørensen
Lektor m/tilleggsutd og Systemansvarlig Sykkylven VGS
71 28 22 39
Send e-post

Dokument

Visjon
DOCX-dokument - 25,87 kB
Handlingsplan Sykkylven VGS
DOC-dokument - 75,50 kB