Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Skulen > Historia vår

Historia vår

SYKKYLVEN VIDAREGÅANDE SKULE -  FRÅ TRANG FØDSEL TIL EIT GODT SKULETILBOD

Sykkylven VGS starta som ein fylkeskommunal vidaregåande skule hausten 1974 med 85 elevar. I starten vart undervisninga heldt på Sykkylven samfunnhus, men allereie i 1979 kunne elevar og lærarar flytte inn i nytt og flott skulebygg. Skulen hadde frå oppstart tilbod om 1. året allmennfag og  grunnkurs  i saumfag, hushald, maskin-mekaniske fag og kontorfag. Skulen ga også tilbod i 2-årig grunnkurs. Fylket sin plan var at elevane kunne gå 2. og 3. året allmenfag på Stranda og tilsvarande yrkesfag i Ålesund. I dag har SVGS eit heilt anna og utvida tilbod til elevane og eit elevtal som i dei seinare åra har vore på om lag 300. Skulen har også eit moderne og stort skulebygg som er blitt utvida, pussa opp og modernisert  i seinare tid.

Ein skulle tru at bygda var nøgd med at skulen hadde fått eit elevtilbod både for yrkesfag og allmenfag i 1974. Men for sentrale personar som hadde arbeidd i fleire år for å få ein vidaregåande skule til bygda, var ikkje dette godt nok. Det skulle vise seg at lokalt engasjement gav utteljing. Det var særleg 2. og 3. året allmennfag som mangla, og i 1977 kunne dei fyrste elevane starte på eit 3-årig utdanningsløp ved Sykkylven VGS.
I 1984 fullførte fyrste kullet ei 3-årig utdanning innan studieretninga handels- og kontorfag. Fyrst med tilbod innan rekneskapsfag og seinare også marknadsføring. Diverre synte det seg at dei økonomiske faga vart svekka i Reform 94. Studieretninga handels- og kontorfag blei difor teken bort som eiga studieretning, og i 1996 avslutta dei siste elevane ei slik utdanning.

Frå skuleåret 1985 kunne skulen ønskje dei fyrste studentane velkomne til 2-årig teknisk fagskule med ei driftslinje for møbelindustrien. Innan mekaniske fag fekk skulen utvida tilbodet i 1989.

Frå 1994 fekk skulen grunnkurs i trearbeidarfag, og VK1 snikkar- og tapetserarfag kom året etter. Same året kunne skulen også tilby vidaregåande kurs i teikning/form/farge, samt omsorgsfag. I 1998 fekk elevane tilbod om eit tredje år med allmennfagleg påbygging. Skulen kunne no skilte seg med å vere ein framtidsretta skule med eit breidt og godt utdanningstilbod.

Mange faktorar spela inn i det langvarige arbeidet for å få eit fullverdig tilbod for elevane. Det er grunn til å nemne ein del viktige årsakar til at bygda til slutt vann fram med sine planar om eit utvida skuletilbod i Sykkylven:

  • Ein av dei viktigaste grunnane til at fylkespolitikarane snudde i synet på SVGS og 2. og 3. året allemene fag var den omfattande støtte bygdefolket viste gjennom underskriftskampanjen for skulen. Likeeins at den såkalla «skulelista» fekk inn tre representantar i kommunestyret i 1976. Heilt sentralt for skulen stod også skulesjef Ola Longva. Ein strateg, taktikar og leiar av beste merke.
  • Eit titals elevar valde å følgje friundervisninga i Sykkylven sitt tilbod om undervisning på dagtid. Dei var privatistar og ville ikkje reise ut av bygda. Fleire lærarar som til vanleg underviste ved SVGS underviste også ved friundervisninga. Elevane gjekk opp til eksamen som privatistar i alle fag med svært gode resultat.
  • Skulen har til ulike tider hatt mange elevar frå Ålesund og omland. Dette heng til ein viss grad saman med godt miljø, samt dyktige og engasjerte lærarar.
  • I 1977 blei Øyvind Østvik rektor ved SVGS. Østvik hadde yrkesfagleg bakgrunn, men såg alltid skulen som ein kombinert vidaregåande skule. Han arbeidde difor både for ei styrking av dei teoretiske og praktiske tilboda ved skulen. På det meste var elevtalet ved skulen på om lag 400. I tillegg blei skulebygninga utvida og fekk moderne kontor, spesialrom og klasserom. Dette vart eit stort løft.
  • Med stadig nye skulereformar har tilboda, namna, og strukturen for dei vidaregåande skulene endra seg over tid. Dette gjeld både for allmennfaga og yrkesfaga, men søknaden til skulen har stort sett vore god. Kvar gong det har vore forsøk på å redusere eller fjerne klasser, har fylket møtt motstand frå skulen og kommunen. Bygdefolket har mobilisert ved behov. Mellom anna gjekk lokalt næringsliv og privatpersonar inn med kapital i samband med utviding av skulebygget.

Sykkylven VGS er stolte av historia si, og framleis kan ein merke kor viktig skulen er for lokalsamfunnet og lokalt næringsliv. Skulebygget og studieretningane er i stadig endring for å møte nye krav og visjonar. Sykkylven VGS er ein skule i tida – og for framtida.

 

skulen-portrett-II