Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Utdanningstilbod > Studiespesialisering

Studiespesialisering

Kvifor skal du velje studiespesialisering?

  • Studiespesialisering gir studiekompetanse, og dermed inngangsbillett til ei lang rekkje studie ved universitet og høgskular.
  • Du kan velje programfag som dekkjer spesielle opptakskrav til høgare utdanning.
  • Studiespesialisering er ei teoretisk tilnærming til studielivet.

Kvifor skal du velje studiespesialisering ved vår skule?

  • Vi har oppdaterte og godt utstyrte naturfagslabbar
  • Vi har matteundervisning tilpassa dine ambisjonar.
  • Alle entreprenørskapselevar får tilbod om å starte ungdomsbedrift, og får lære gjennom praktisk arbeid.
  • Vi tilbyr spansk og tysk på alle nivå.
  • Samfunnsengasjerte elevar kan velje sosiologi og/eller politikk og menneskerettar.
  • Vi har lang erfaring med internasjonalisering og tilbyr det både på vg1 og vg2.
  • Internasjonalt engasjement gir ei kjempeerfaring til vidare studie og arbeidsliv.

Søk her: