Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sykkylven VGS > Utdanningstilbod > Yrkesfag > Teknikk og industriell produksjon (TIP)

Teknikk og industriell produksjon (TIP)

Kvifor skal du velje yrkesfag?

  • Du vil ha fagbrev eller sveinnebrev.
  • Du blir attraktiv for norske bedrifter og kjem raskt ut i jobb.
  • Du får lønn under utdanning, og står sterkt om du ynskjer å starte eiga bedrift.
  • Du blir god til å løyse problem og til å arbeide sjølvstendig.
  • Du får ein god kombinasjon av teoretisk og praktisk undervisning.
  • Du får lære å bruke ulike maskiner og produksjonsutstyr.
  • Du legg grunnlaget for mange ulike utdanningsløp.
  • Lett å få jobb!
  • Du får vere med å starte ungdomsbedrift

Kvifor velje Teknikk- og industriell produksjon ved vår skule?

  • Skulen har godt utstyrte verkstadar i t.d. mekanisk maskinarbeid, sveis, plastmaskiner, CNC-styrte maskiner, snikkarverkstad, tekstilarbeid og 3D-printar.
  • Du får digital kompetanse med teikning i 2D og 3D på SolidWorks
  • Vi nyt godt av tette band til store og små industriaktørar i bygda.
  • Du får vere ute i praksis i bedrift 4 heile veker i løpet av vg2, slik at det blir lettare for deg å få lærekontrakt.
  • Vi sender elevar på utveksling til utlandet
  • Vi har Teknikk- og industriell produksjon på vg1 og Industriteknologi på vg2.
  • Etter vg2 Industriteknologi kan du gå vidare som lærling i 23 ulike fag.
  • Vi har tilbod om påbygg og eit godt samarbeid med opplæringskontor.
 
 
         
 
 
         
 
 

Søk her: