Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Search > Advanced

Avansert søk


Fag/svenneprøve for personar som ikkje er busett i Noreg

Personer som er tilsette i bedrifter i Møre og Romsdal, men er busett utanfor Noreg, kan melde seg opp til fag/svenneprøve og få utstedt fag/svennebrev i Møre og Romsdal.

Les meir

Opplæring i bedrift

Seksjon for fag- og yrkesopplæring har som oppgåve å kvalitetssikre opplæring i bedrift (fagopplæring) i Møre og Romsdal. Dette omfattar godkjenning av lærekontraktar og lærebedrifter, oppfølging av lærlingar, lærekandidatar, lærebedrifter og opplæringskontor, tilrettelegging for lærlingar og lærekandidatar med spesielle oppfølgingsbehov, formidling til læreplass, kompetanseheving for instruktørar, faglege leiarar og prøvenemnder, fag-og sveineprøver og utbetaling av tilskott til lærebedrifter.

Seksjonen skal i tillegg førebu saker til yrkesopplæringsnemnda, og informere om fag- og yrkesopplæring til samarbeidspartar, brukarar og innbyggjarar. Kontakt oss viss du har spørsmål om fagopplæring i Møre og Romsdal.

Elev og lærlingeombud

Du finn informasjon om elev- og lærlingombodet på Ungweb.no

Statsbudsjettet er skuffande

Det kjem ingen auka rammer til samferdsel frå staten i 2013. Rammene er berre prisjustert, noko som ikkje løyser våre utfordingar, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.

Les meir

Heile 80 deltakarar og høg aktivitet på Planseminar om Samferdsel på Rica Seilet Hotel 03. og 04. oktober 2012

Heile 80 personar deltok på Planseminaret som samferdselavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen arrangerte 3. og 4. oktober. 23 av kommunane, fleire interessegruppe og fleire næringslag var med.

Les meir

Betre busstilbod og nye rutetider i Ålesund frå 20.august

Frå måndag 20. august vil kollektivtilbodet i Ålesund bli betydelig styrka med fleire bussavgangar, og meir effektiv transporttid både til flybussen, fastlandsbussen og by-bussen mellom Moa og Ålesund. Endringane i busstilbodet medfører nye avgangstider på nokre av rutene, og vi oppmodar reisande om å vere merksame på dette, seier samferdselssjef Arild Fuglseth. 

Les meir

Inviterer til dialog om organisering av trafikktryggingsarbeidet

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom Vegtrafikklovens § 40a, eit ansvar for å koordinere trafikktryggingsarbeidet i fylket. I samband med at det skal utarbeidast ein trafikktryggingsstrategi, ønskjer vi ein gjennomgang av organiseringa av samarbeidet med dei konsultative medlemmane til Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU). Dei konsultative medlemmane har møte- og talerett på møta i FTU.

Les meir

Planseminar - Handlingsprogram Samferdsdel 2013 – 2016 (2022):

Det vert arrangert planseminar Rica Seilet Hotel 03. og 04. oktober med tema Handlingsprogram Samferdsdel 2013 – 2016 (2022):

Les meir