Helseteneste

Helsesøster Inger Klungsøyr har fast kontortid på skulen:

Tid: onsdag og torsdag kl. 09-14

Kontakt på mobil: 95 33 62 80

Rom: Ved klasserom 239

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er elev. Ved skulestart i Vg1 kartleggast din helsetilstand gjennom eit helseopplysningsskjema, og du får tilbod om ein konsultasjon hos helsesøster.

Ut over det kan du sjølv ta kontakt ved behov, til dømes ved  søvnvanskar, rusproblem, konsentrasjonsvanskar, problem med mat, heimeforhold, muskel- og skjelettplager, psykiske plager, stress, dårleg trivsel, depresjon, spørsmål om prevensjon, seksuelt overførebare sjukdomar eller andre ting.

Nokon gonger kan ein ha behov for å snakke med ein vaksen utan at ein har spesielle problem.

Skulehelsetenesta er gratis. Helsesøster har teieplikt.

Helsestasjon For Ungdom

Skulelege er tilsett i Helsestasjon For Ungdom, og kan nåast via helsesøster.

Opningstid: Torsdag kl. 14.30 – 1630

Stad: Sykkylven Helsestasjon, Haugneset 20

Tlf.: 95336280

  

Meir informasjon om helsesøster-ordninga finn du her: www.ung.no/hjelp/3256_Helsesøster.html

Den er laga av "Landsgruppen av helsesøstre" og "Norsk Sykepleierforbund".