Internasjonalisering

Sykkylven vidaregåande skule er ein pionerskule innan internasjonalisering. Vi var fyrst ute i fylket og har sidan 1994 hatt ei samanhengande historie innan internasjonalt arbeid. Med mange års erfaring i sekken er dette noko vi KAN! 

Skulen har fått utmerkinga Best Practice i EU-systemet Erasmus+ og har delt sine erfaringar i mange fora, også på nasjonalt plan. 

Kvart år sender vi fleire elevgrupper ut i verda for å jobbe med spanande prosjekt ilag med ungdommar frå andre land. Dei besøker også oss, og dermed får vi knyte vennskapsband og skape minner for livet. Ved Sykkylven vidaregåande skule er vi gjestfrie og eventyrlystne, og vi har utvekslingstilbod på alle linjer. Faktisk får ein femtedel av elevane våre reise ut i løpet av tida si her på skulen. Dette er vi stolte av!

 
Reiselopper buss v18

Utveksling