Vaksenrett

Vaksenretten gjeld frå og med det året søkjaren fyller 25 år. Retten gjeld for søkjarar som ikkje tidligare har fullført vidaregåande opplæring. Du må ha fullført grunnskule eller tilsvarande. Vaksenretten i Møre og Romsdal gjeld for dei som er busett i fylket.

Fullført vidaregåande opplæring har du, dersom du har studiekompetanse, fag- eller sveinebrev, eller anna yrkeskompetanse.

Dersom du har fullført opplæringa, men har fått stryk i eitt eller fleire fag, har du ikkje rett til å få dekka utgiftene til ny opplæring.