Rektor

Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med om lag 270 elevar med utdanningsprogram innan studiespesialisering, design og handverk, helse og oppvekst, teknikk og industriell produksjon, og elektrofag og automatisering. I tillegg gjennomfører skulen fagkurs for voksne gjennom ressurssenteret.

Læringsmiljø og læringsglede

Flinke og engasjerte lærarar saman med motiverte og lærehungrige elevar gjer at skulen har mange prosjekt både lokalt og internasjonalt! Elevundersøkinga viser at trivselen på skulen er svært god! Trivsel er ein føresetnad for læring.

 

Rektor Barbro Midtgård

Kva prosjekt arbeider vi spesielt med ?

Skulen har frå hausten 2008 vore med i det nasjonale skuleutviklingsprogrammet ” Kunnskapsløftet – fra ord til handling” i regi av Utdanningsdirektoratet. Det har vore spesielt fokus på å førebyggje fråfallet særleg på yrkesfag, og målet har vore å få alle elevar til å fullføre vidaregåande opplæring med ein kompetanse til vidare studium eller yrke.

I etterkant av prosjektet arbeider skulen med relasjonspedagogikk og tydeleg klasseleiing. Tydelege reglar, god struktur og godt læringsmiljø er avgjerande for gode resultat.

Internasjonalisering. Vi er med i EU finansierte prosjekt som Erasmus+og Alden Biesen (European Classes). Elevar reiser til mange land der dei bur hos vertsfamiliar, og skulen får gjenbesøk frå desse. Familiar i Sykkylven har tatt godt i mot dei utanlandske elevane, og utan den positive haldninga hadde det ikkje vore muleg å gjennomføre desse prosjekta.

Ungdomsbedrift (UB). Skulen vår er ein pioner i bruk av metoden Ungdomsbedrift. Vi kan vise til fleire gode plasseringar i KM og NM. Det viser seg at mange av elevane som får erfaring med denne arbeidsmetoden startar eigne bedrifter – i rein sunnmørsk ånd!

Læring på felles arena. Eit nettverk for samarbeid med næringsliv og skule i Sykkylven, Ulstein og Haram. I Kunnskapsløftet skal elevane oppleve alternative opplæringsarenaer, og då er bedrifter godt eigna. Gjennom ulike samarbeidsprosjekt mellom studiespesialisering og næringsliv, får elevane sjå korleis nettopp fag som til dømes matematikk, språk, naturfag, samfunnsøkonomi eller norsk kjem til nytte.

Barbro Midtgård
rektor

Kontaktpersonar

Barbro O. Midtgård Barbro O. Midtgård
Rektor
71 28 22 12 /
Mob. 926 19 045
Send e-post

Snarvegar