Avansert søk


Bestill profilartiklar

Alle bestillingar/henvendelsar til Idé House of Brands skal gå via dette skjemaet og ikkje direkte på e-post. Når du har fylt ut skjema blir det sendt til kommunikasjonsseksjonen som tek bestillinga vidare med Idé House of Brands. 

Jaktkvote 2018 status

Art Kvote (rest) Sist oppdatert
Steinkobbe 17 15.1.2018
Havert 0 3.1.2018

I perioden 1. mai - 31. juli er det pause i seljakta

Les meir

Ungdomsmidlane

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal delar kvart år ut kroner 250 000 til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane for å søkje er 1. april og 1. desember kvart år.

Held du på med noko spennande som du treng økonomisk støtte til? Kanskje ungdomsmidlane kan vere aktuelle?

Tilskotet blir gitt til prosjekt som bidrar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.

Bruk skjemaet du finn under her. Skriv kortfatta og enkelt.

Hugs å legge ved ein økonomisk oversikt (budsjett) slik at ungdomspanelet ser korleis midlane er tenkt brukt.

Søk konkret. Søk på konkret utstyr og/eller reelle utgifter. Ungdomspanelet støttar ikkje generelle driftsutgifter.

Les meir

Ny rammeavtale for profilartiklar

Fylkeskommunen har inngått rammeavtale for kjøp av profilartiklar med IDÉ Hous of Brands AS, og ALLE profilartiklar skal no bestillast der. Rammeavtalen gjeld ikkje grafisk produksjon, produksjon av roll-upar, messeveggar og liknande.

Vi på informasjonsseksjonen kjem til å kjøpe inn eit lite lager med artiklar som vil inngå i gåvesortimentet vårt. Vi ønsker derfor å få tilbakemelding på kva dei ansatte ønsker at vi skal bestille.

Les meir