Læremidlar

 

Læremiddel og utstyr 2011 - 2012 - BØKER og PC

Bøker

I tråd med "gratisskuleprinsippet" kjøper ikkje elevar i vidaregåande skule bøker sjølve lenger. Skulen kjøper inn og låner ut lærebøker til elevane gjennom skulebiblioteket.

PC

Berbar PC er obligatorisk læremiddel ved alle dei vidaregåande skulane i fylket. Elevane kan velje om dei vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til dei eller få eit økonomisk tilskott for å kjøpe/bruke eigen PC. Vi ser det som ein stor fordel at flest mogleg vel fylket si PC-løysing!

Vel du å bruke fylket sitt tilbod vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du bør då snarast fylle ut bestillingsskjema på www.ungweb.no. Du må betale kr 890 pr skuleår for PC-en.  Faktura vert sendt ut omkring 20.september. Betalinga inkluderar m.a. service, vedlikehald og forsikring. Ordninga dekkjer ikkje tap/tjuveri.

Du får behalde PC-en når innbetalingane er gjort. Sluttar du før kan du kjøpe ut PC-en.

Service/garanti: Dersom PC'en må til reparasjon, får eleven levere den inn på skulen og disponere låne-PC i reparasjonsperioden. Dersom batteriet må skiftast, dekkjer fylket utgiften til dette. Dei som kjøper PC privat, må sjølv sørge for service-/garantiordning, og må altså skaffe låne-PC frå eigen forhandlar.

Vi tilrår alle å velje fylket si PC-løysing!

OBS !!

Du finn viktig informasjon om PC-ordninga m.m. på www.ungweb.no - der kan du og fylle ut bestillingsskjema (innan 25. juli 2011)

Du kan også søke Statens Lånekasse om utstyrsstipend på kr 890,-. Sjå info om dette også på www.ungweb.no.




Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.