Elevutvekslinga er ledd i prosjektet Make a Difference – European Footprints on our World. Elevane arbeider med miljøspørsmål – særleg knytt opp mot kva ein kan gjere for å redusere karbonutsleppa frå deltakarlanda. I tillegg får elevane erfaring i å kommunisere på engelsk, og møte ein ny kultur. Det vart ei særs vellukka veke for elevane – og no gler dei norske elevane seg til å reise til Belgia i mars.