Comenius besøk til Italia

Publisert 10. november 2009 10:55:03 av Barbro Midtgård
Fontena i Francavilla Fontana, som var møteplassen for ungdommane.
Veka etter haustferien var 7 elevar frå 2.klasse på studiespesialiserande ved Sykkylven vidaregåande på Comeniusbesøk til Sør-Italia saman med elevar frå Tyskland og Ungarn.

Veka etter haustferien var 7 elevar frå 2.klasse på studiespesialiserande ved Sykkylven vidaregåande på Comeniusbesøk til Sør-Italia saman med elevar frå Tyskland og Ungarn. Området vi besøkte heiter Puglia og skulen låg i byen Francavilla Fontana. Dette var ein gjenvisitt, då elevane våre hadde hatt besøk av italienarane tidlegare i år. Prosjektet elevane er med på er eit miljøprosjekt med tittelen ” Make a Difference - European Footprints on our World” som blir avslutta våren -10 i Belgia der elevar frå Belgia, England , Tyskland, Ungarn, Slovenia og Noreg møtest.

Under opphaldet i Italia var vi mellom anna med på ekskursjonar til nasjonalparkar, olivenlundar og pittoreske småbyar. Eit av høgdepunkta var besøk på ein ”messaria” der vi fekk lære korleis mozzerellaost vart laga. Elles var vi på skulen der vi presenterte våre skular og heimstadar , jobba med miljøprosjektet og hadde framføring av arbeidet vårt. Vi hadde også eit fjernsynsteam som følgde oss gjennom ein dag og der vi også vart intervjua om kva vi synest om opphaldet og prosjektet. Reisa var lang og kulturen er forskjellig, men vi lærte mykje av italiensk kultur og levesett desse dagane vi budde hos våre italienske vener.

Hildegunn Ulla – lærar og reisefølge

Daniel Bårdsgjære, Eirik Grebstad, Sevrin Lund, Silje Nilsen, Pernille Jarnes, Kristine Bjørnestad og Solveig Watters

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.