Prisen fekk dei overrekt i Grieghallen der Lions hadde riksmøte. På bildet til høgre kan de sjå Benedikte motta prisen på vegne av ungdomsbedrifta!
Gjennom tombola, loddsal, panting av tomflasker, pizzabaking, vårreingjering samt økonomisk støtte frå lokalt næringsliv har jentene det siste halvanna året samla inn over 100.000 kroner til barneheimen i Ukraina. Bygginga av barneheimen er godt i gang, og skal vere fullført i løpet av året. Sju jenter i alderen 13 – 15 år, som er gatebarn, skal flytte inn på senteret med borna sine.
Ville hjelpe
Ungdomsbedrifta Girl Power UB blei etablert hausten 2008, og starta som eit ønskje om å hjelpe born i andre land som hadde ein vanskeleg kvardag. Dei etablerte tidleg eit samarbeid med hjelpeorganisasjonen Emanuel - hjelpende hender, som dreiv hjelpearbeid i Ukraina. Saman med lokale krefter starta dei arbeidet med å byggje opp ein barneheim for gateborn i landsbyen Strumok, nær hamnebyen Odessa.
Sterke inntrykk
I mai 2009 dro jentene sjølv til Ukraina, saman med lærar og representantar for Emanuel, for å sjå levekåra i Ukraina og få eit inntrykk av korleis barneheimen ville bli. Turen betalte dei sjølv, og ikkje noko av pengane som var samla inn til barneheimen gjennom Girl Power blei brukt på turen. I Ukraina fekk dei vere med på å leggje grunnsteinen for barneheimen. Jentene kom heim med sterke inntrykk etter møte med born og vaksne i lokalebefolkninga, og vanskane desse har i kvardagen.
Sjå bloggen til ungdomsbedrifta: http://girlpowerub.blogg.no/
Spente jenter før avreise torsdag 20.mai. Frå høgre Benedikte Fylling, Marianne Solvang Nilsen, Marianne Burow, Andrea Kanika Norangshol, Karianne Ellefsen Skotte, Malin Benedikte Ustad Løseth og Ingeborg Helen Drabløs Brunstad. Bak lærar Målfrid Lødøen Bjørlykke. Roy Ytterland frå Emanuel-hjelpende hender er sjåfør til Bergen.