Mira Solutions Beste Ungdomsbedrift!

Publisert 12. mars 2010 09:46:44 av Barbro Midtgård
Jubelen stod i taket då ungdomsbedrifta Mira Solutions vart kåra til Beste Ungdomsbedrift under fylkesmessa i går.

Ungdomsbedrifta vart kåra til Beste ungdomsbedrift av 63 ungdomsbedrifter under fylkesmessa i Sunnmørshallen i går. Bedrifta tok 1, pris for Beste innovative produkt, 1. pris for Beste HR-bedrift og 2. pris for Beste logo. I tillegg fekk bedrifta Mesterbrevprisen! Vi gratulerer Fred-Anton Muldal, Audun Helstad Henningsen og Marius Løset frå Sykkylven vgs, og Fride Alnes, Charlotte Dyb-Sandnes, Divin Nkurumziza og Krister Krogsæter frå Ålesund vgs.

No går vegen vidare til NM i Oslo.

Skulen vil takke samarbeidsbedriftene Sykkylven stål, Sykkylven metall-lakkering, Sykkylven maskinering, Stranda galvano, Shape, Petterson, A45 og ReWaco for god hjelp og støtte. Vidare ein stor takk til mentorane Arne Hansen og Tor Skinnes!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.