Vann tur til New York!

Publisert 20. mars 2010 14:39:30 av Barbro Midtgård
Kjersti Andreassen vart vinnaren av stilkonkurransen om FN som Odd Fellow arrangerte på skulen, og får reise til New York i 14 dagar saman med 200 andre ungdommar frå Europa, Canada og USA.
På delt andre plass kom Silje Nilsen og Andreas Sørensen.

Før jul arrangerte Odd Fellow i samarbeid med skulen ein stilskrivingskonkurranse om FN. Vinnaren vart Kjersti Andreassen frå vg1 studiespesialisering. Det er kunn Haram vgs (i 2006) og Ulstein vgs (i 2008) som har fått same tilbod tidlegare. Å gje ungdom kunnskap om FN gjennom denne konkurransen, er ein del av det humanitære og fredsbevarande arbeidet til Odd Fellow (vennskap-kjærlighet og sannhet).

Skulen vil takke Åshild Meyer Århus, Liv Breivik, Tor Magnussen, Jarle Remøy, Jarle Brandsegg og Oddbjørn Ramstad frå Odd Fellow.

Det er ingen tvil om at Kjersti får ei oppleving for livet!

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.