Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701
 

 


/ Forsiden / ELEVTENESTER / Læremidlar

Læremidlar

 

Bøker - PC

Bøker

I tråd med "gratisskuleprinsippet" kjøper ikkje elevar i vidaregåande skule bøker sjølve lenger. Skulen kjøper inn og låner ut lærebøker til elevane gjennom skulebiblioteket.

PC

Berbar PC er obligatorisk læremiddel ved alle dei vidaregåande skulane i fylket. Elevane kan velje om dei vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til dei eller få eit økonomisk tilskott for å kjøpe/bruke eigen PC. Vi ser det som ein stor fordel at flest mogleg vel fylket si PC-løysing!

Vel du å bruke fylket sitt tilbod vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du må betale kr. 550 det første skoleåret (2009) og kr. 500 det andre skoleåret (2010). Faktura vert sendt ut omkring 15.september. Betalinga inkluderar m.a. service, vedlikehald og forsikring.

Du får behalde PC-en når innbetalingane er gjort (kr. 1050) etter to år. Sluttar du før kan du kjøpe ut PC-en.

Service/garanti: Dersom PC'en må til reparasjon, får eleven levere den inn på skulen og disponere låne-PC i reparasjonsperioden. Dersom batteriet må skiftast, dekkjer fylket utgiften til dette. Dei som kjøper PC privat, må sjølv sørge for service-/garantiordning, og må altså skaffe låne-PC frå eigen forhandlar.

Vi tilrår alle å velje fylket si PC-løysing!