Besøk av belgiske elevar
Dette er andre året Sykkylven vidaregåande deltek i Comenius-prosjektet "Make a Difference" der 7 skular i Europa arbeidar saman med prosjekt knytta til miljømedvit, reduksjon av CO2-utslepp, og internasjonal samhandling.
Gruppa med elevar frå Belgia og vertselevane i Sykkylven skal jobbe saman i prosjektgrupper denne veka. Under overskrifta "The greening of industry" skal dei skal mellom anna sjå nærare på korleis Ekornes integrerer miljømedvit i alle ledd i produksjon og marknadsføring. Det dei lærer på besøk på Ekornes skal dei sidan samanlikne med tilhøva ved ei bedrift i Belgia. Dei skal elles mellom anna jobbe med analyse av vèrdata som er samla inn dei siste to åra ved alle dei sju prosjektskulane.
Eit viktig mål med utvekslingsprosjektet er også å bli kjent med ein annan kultur og kommunisere på engelsk. Belgiarane skal få oppleve norske heimar, norsk mat (og matpakke), skileik og friluftsliv på fjellet. Det blir også tur til Ålesund og - sjølvsagt - tid til shopping.
Dei seks vertselevane frå Vg1 studiespesialisering gler seg - både til belgiarane kjem, og til dei sjølve skal reise til Belgia rett før påske.
