"Brøvøllkubab" i kantina
Kva skal eigentleg til for at ungdom skal ete lokal produsert økologisk mat?
Er det kunnskap om kunstgjødsel, sprøytemidlar, CO2, miljø og berekraftig landbruk? Eller skal ein fortelle om ei rekke kollektive nytteeffektar ved økologisk produksjon? Kanskje burde ein holde foredrag om at det er gunstigare feittsamansetjing i økologisk mjølk og kjøt? Eller heller snakke om kor viktig det er å satse på lokalt landbruk?
Bastian Skogvold, årets festivalgeneral ved Brøvollsfestivalen, serverte Brøvollskubaben til elevane på VGS saman med Petter Velle frå Tindemat og prosjektleiar Ingrid van der Velde i Økoløft Sykkylven.
På årets Brøvollsfestival blei Brøvollskubab introdusert. Kubab? JA, kubab! Brøvollskubaben er den einaste norske variant på kebab som har lokalt økologisk kjøt. Kubaben var veldig populær på årets Brøvollsfestival, og den var populær hos ungdommen ved VGS.
|
|
Brøvøllkubaben falt i smak! |
| Henning og Dennis går god for "kubaben" |
