Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701
 

 


/ Forsiden / NYTT / Comenius-besøk frå Belgia

Comenius-besøk frå Belgia

Sykkylvselevane med sine belgiske gjestar
I strålande vintervêr var seks elevar frå Sykkylven vertar for seks belgiske ungdommar første veka av februar. Det vart ei innhaldsrik veke med prosjektarbeid på skulen, omvisning og orientering om miljøprofil på Ekornes, besøk på Akvariet, Aksla og i Ålesund sentrum, og ein skikkeleg vinterdag på fjellet med akebrett og ski.

Elevutvekslinga er ledd i prosjektet Make a Difference – European Footprints on our World. Elevane arbeider med miljøspørsmål – særleg knytt opp mot kva ein kan gjere for å redusere karbonutsleppa frå deltakarlanda. I tillegg får elevane erfaring i å kommunisere på engelsk, og møte ein ny kultur. Det vart ei særs vellukka veke for elevane – og no gler dei norske elevane seg til å reise til Belgia i mars.