Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / NYTT / Designdagar 21. og 27. februar

Designdagar 21. og 27. februar

Skulen har arrangert to heile dagar med design og kreativitet som tema. Vi hadde m.a. besøk av designar Henny Staalnake - eit fyrverkeri av energi og kreativitet...

Ho er designar og produserer selskapsklede. Ho har besøkt mange skular med si ideskaping og har avla mykje kreativitet.

21. februar var elevar frå Romsdal, Borgund og Ørsta vidaregåande skular på besøk hos oss. 27. februar hadde vi besøk frå ungdomsskulen her i Sykkylven.

Opplegget med Designdag er å informere/rettleie elevar som kan tenkje seg å søke tilbodet, enten på Vg1 DH og Vg2 Design og Produktutvikling. Skulen hadde engasjert fleire foredragshaldarar i tillegg til Henny (involvert i Moods of Norway), Caroline Harstad, rom- og interiørdesignar (Sorella - Mote og Interiør), Kjetil Kverndokk (KKC) som m.a. har designa og utvikla ein ny riflestokk, Vilmar Æsøy (har m.a. produktutvikling i fagkrinsen ved Høgskolen i Ålesund) og Hans Cato Slotterøy (har firma for grafisk design, industridesign og produktutvikling).

Elevane fekk jobbe i workshops med med å utvikle kreative idear. Dei mykje informasjon om jobbmulegheiter og vidare studiar.

Nokre smakebitar frå kameraet nedanfor:

"Kreativitet er å overraske seg sjølv...!" (Henny Staalnake)

Frå Kjetil Kverndokks presentasjon om utvikling av riflestokken

Foto: Helen Longva Fet