Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / NYTT / Er du Vg2-elev? Då kan du selje bøkene dine til skulen

Er du Vg2-elev? Då kan du selje bøkene dine til skulen

Det er bestemt at alle Vg2-elevar skal få gratis trykte og digitale læremidlar når skulen startar til hausten. Dersom du går Vg2 ved Sykkylven vidaregåande skule i år og har pent brukte bøker, ynskjer skulen å kjøpe dei av deg.

For å innfri lovnader om gratis læremidlar, vil Sykkylven vidaregåande skule innføre utlånsordning av lærebøker for Vg2 frå hausten. Elevane skal bruke same lærebøker som i år, og skulen ynskjer derfor å kjøpe brukte lærebøker av elevane som går Vg2 i år (2ST-2AU-2PI).

Dersom du ynskjer å selje bøkene dine, vil skulen betale inntil halv pris av nypris for brukte Vg2-lærebøker. Prisen du får er avhengig av kvaliteten på bøkene. Husk å gå gjennom bøkene, sjå til at ingen sider er borte og visk ut eventuelle blyantmerke o.l. før du leverer inn bøker.

Link til brukbok-listene finn du nedanfor. Fyll ut opplysningar om namn, adresse, bokliste og kontonummer. Vi vil også ha eit telefonnummer. Opplysningane må vi ha for å kunne betale deg og også for vårt eige rekneskap.

Bruktbok-liste 2ST
Bruktbok-liste 2AU
Bruktbok-liste 2PI

Skjemaet kan du også få av kontaktlæraren din ganske snart.

Innlevering og registrering av bøker på BIBLIOTEKET frå måndag 16. juni om morgonen. Du får nærare info her og på skulen.

Info med lister ligg også på Fronter - Informasjon til alle\Arkiv\Bruktboksal Vg2