Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / NYTT / Fått sommarjobb og treng skattekort?

Fått sommarjobb og treng skattekort?

Alle lønsmottakarar må levere skattekort, også du som er skuleelev og skal ha sommarjobb. Arbeidsgivaren pliktar å trekke 50% skatt av løna di, om du manglar skattekort. Bestill derfor skattekort no! Bruk SMS eller internett, då får du skattekortet raskare tilsendt.

Skuleelevar og studentar kan tene inntil 39 997 kroner på frikort i 2008.

Bestill frikort på SMS: skriv FRIKORT <mellomrom> fødselsnummer (11 siffer) og sendt til 2080, eller bestill på internett: www.skatteetaten.no

Tener du meir enn fribeløpet kan skattekort bestillast på www.skatteetaten.no.

Du treng ein PIN-kode som du evt fekk tilsendt av Skatteetaten i desemeber 2007. Manglar du PIN-koden kan du bestille denne på SMS: skriv PINKODER <mellomrom> fødselsnummer og send til 2080.

Treng du kopi av tilsendt skattekort (ikkje kopi av frikort) kan du bestille dette på SMS: skriv KOPI <mellomrom> fødselsnummer og send til 2080.

Lykke til med sommarjobben!

Helsing Skatt Midt-Norge