Frå Utdanning til Jobb
Korleis velgje eit yrke eg kan trivast med? Kva skriv eg på CV'en? Kva inneheld ein god søknad? Korleis bør eg snakke på jobbintervjuet? Dette og mykje meir skal det handle om for Vg3-elevane i Sykkylven den første veka i februar.
Vg3-elevane på studiespesialisering og påbygg skal delta på seminar arrangert av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal i samarbeid med Manpower 2. og 5. februar. Her blir det meir enn teori og foredrag - elevane får prøve seg på både jobbsøknadar og simulerte intervjusituasjonar. Overgangen frå skule til yrkeslivet byr på mange utfordringar, og dette vil vi hjelpe elevane å førebu seg på. Vi er glade for å kunne tilby dette enda eit år - tilbakemeldingane sist år var svært gode!
