OPEN SKULE 12. februar - invitasjon
Vi er med i skuleutviklingsprosjektet "Kunnskapsløftet - frå Ord Til Handling" i regi av Utdannngsdirektoratet og samarbeider med fleire bedrifter og etatar i kommunen. Møre Trafo, NAV, Sykkylven ungdomsskule og PPT er nokre av våre samarbeidspartnarar.
Skulen er pioner i bruken av metoden Ungdomsbedrift og kan vise til fleire gode plasseringar i FM, NM og EM. Vi er plukka ut til å vere pilotskule i etablering av Internasjonal Ungdomsbedrift.
Vi var ein av dei første skulane i fylket som starta med Internasjonalisering. Denne veka er der t.d. elevar både i England og i Tyskland og i slutten av januar var ei gruppe i Belgia.
Programmet startar med informasjon om datakjøp - enten kl 16.30 eller kl 17.40 - på auditoriet i 2. høgda.
Orientering om utdanningsprogramma kl 17.00 - 17.40:
Rom 244 Vg1 Design og handverk
Rom 240 Vg1 Helse- og sosialfag
Rom 250 Vg1 Teknikk og industriell produksjon
Auditoriet Vg1 Studiespesialisering
