PC-ordning Vg1 2009-2010
PC-ordning for Vg1-elevar skoleåret 2009/2010
Komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg eller få eit ”PC-stipend” frå fylket for å kjøpe/bruke eigen PC.
PC frå Møre og Romsdal fylke
- Møre og Romsdal fylke har teikna avtale med AR-Data om levering av skole-PC. Valt modell er ACER Aspire one D751H sort. Det er ein PC med 11,6” skjerm, 1 GB internminne, 160 GB disk og veger berre 1,25 kg.
- Sjå PC'en her!
- Vel du å bruke fylket sitt tilbod vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du må betale kr. 550 det første skoleåret (2009) og kr. 500 det andre skoleåret (2010). Faktura vert sendt ut omkring 15.september. Betalinga inkluderar m.a. service, vedlikehald og forsikring.
- Du får behalde PC-en når innbetalingane er gjort (kr. 1050) etter to år. Sluttar du før kan du kjøpe ut PC-en.
- Du må registrere deg innan 20.07 dersom du vil ha den berbare PC-en som fylket skaffar til deg. Det gjer du her:
Kjøpe/bruke eigen PC
- Dersom du heller vil bruke/kjøpe eigen PC vil du få utbetalt eit ”PC-stipend” frå fylket på kr 2 667. Det vert utbetalt omkring 15. september.
- Du må sjølv halde deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring.
- Den PC-en du bruker må minst svare til dei krava som gjeld for fylket sin PC-modell.
For bruk av PC-en levert av Møre og Romsdal fylke må du og/eller føresette underteikne på ein avtale. Den finn du her. Avtalen skal underskrivast og leverast til skolen ved skolestart.
Dersom du bruker/kjøper eigen PC har du sjølv ansvar for at du har med deg PC ved skolestart. Følg og med i den informasjonen som skolen sender deg.
