Psykisk helse på dagsordenen på Vg1 i februar
VIP = Veiledning og Informasjon om Psykisk helse. Programmet tar for seg opp- og nedturar i livet, og tanken er at det skal hjelpe til med å alminneleggjere psykiske lidingar. Prosjektet blir utført med elevar og kontaktlærarar i første fase. Så kjem det fagfolk frå psykisk helseteam i kommunen som skal snakke saman med elevane, svare på spørsmål og undervise litt om psykiske lidingar og om kvar vi kan søke hjelp om det røyner på. Det er også viktig å snakke om korleis vi kan sjå kvarandre i kvardagen, vere venn for ein som slit og ikkje vere redd for å ta opp tema som vi trur er vanskelege.
Føresette til elevane har fått brev heim med informasjon om prosjektet og korleis det blir lagt opp. Det blir også understreka at det er viktig at psykisk helse også blir tatt opp som tema på heimebane.
