Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / NYTT / Skulestart med minnemarkering

Skulestart med minnemarkering

Torsdag 18. august var det skulestart med bl.a. minne-markering for dei omkomne etter terrorhandlingane 22. juli 2011

Elevar og personalet møttest til skulestart i Kulturhuset. Scena var vakkert dekorert med raude roser som var lagde på golvet innimellom 77 tende lys.Vi fekk delta i ei verdig og god minnemarkering etter 22. juli. Rektor helsa velkomen og gav ei særskilt helsing og takk i samband med dei tre elevane våre som var på Utøya og som er vel tilbake hos oss og familiane sine. Vi mintest dei omkomne med stillheit i eitt minutt.

Audun Askim, leiar for kriseteamet i Ålesund, var med oss. Han tende det spesielle lyset frampå scena (biletet) og delte gode og kloke ord med råd om korleis vi kan støtte, sjå kvarandre og gå vidare saman på ein naturleg og empatisk måte.

To unge jenter song nydelege songar for oss: Kristina Kurseth til gitarakkompagnement ved Mathias Utgård og Stine Merethe Ulla til akkompagnement ved organist Rose Iren Stave.

Etter presentasjon av leiarane ved skulen vart alle elevane ropt opp ein og ein og gjekk med sin kontaktlærar tilbake til skulen og klasseromma for meir informasjon og samtale.

Vi viser nedanfor nokre bilete frå opningsstunda i Kulturhuset:

Rektor Barbro Midtgård

Audun Askim

Kristina Kurseth

Mathias Utgård

Stine Merethe Ulla