Stipend og lån frå Lånekassa 2008 - 2009
Stipend og lån
Elevar som
- har fått opptak og takka ja til skoleplass via VIGO
- går på offentleg vidaregåande skole
- har ungdomsrett
kan søkje om stipend og lån på Lånekassa sin nye nettsøknad - gå inn på VIGO.
Nokre elevar vil undervegs i utfyllinga få beskjed om å søkje på papir. Dei som ikkje kan søke via nett, søkjer som vanleg på papirblankett som blir delt ut på skolen. Du må prøve å søkje på nett før du evt får utdelt papirblanketten. Dersom du har mista VIGO-koden, kan du bestille ny kode hos VIGO.
Søk utstyrsstipend på nettet
Byrjar du i Vg2 eller Vg3 til hausten? Har du ungdomsrett, kan du søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen så snart du takkar ja til opptaket. Stipendet får du same kor mykje foreldra dine tener.
Konkurranse – vinn konsertbillettar
Søkjer du før 15. september, er du med i trekninga av 10 gåvekort på 1 000 kroner frå Billettservice. Gåvekortet kan brukast over heile landet, og på alle arrangement på Billettservice. Les meir om konkurransen på www.lanekassen.no/utstyrsstipend.
Slik søkjer du om stipend frå Lånekassen
1. Logg inn på www.vigo.no når du har fått opptak, der finn du nettsøknaden til Lånekassen.
2. Sjekk Dine sider på www.lanekassen.no etter ca. ei veke for å sjå resultatet. Om du ikkje har søkt stipend frå Lånekassen før, får du eit velkomstbrev med PIN-kode i posten.
3. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten.
4. For å få pengane til kontoen din, må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under på brevet.
Ikkje alle får utstyrsstipend
Lærlingar, lærekandidatar på alle årstrinn og elevar i Vg1 har ikkje rett til utstyrsstipend. Elevar i Vg1 får eit læremiddelstipend som avheng av økonomien til foreldra. Elevar utan ungdomsrett har heller ikkje rett til utstyrsstipend. Les alt om stipend og lån frå Lånekassen på www.lanekassen.no.
