For å avgrense smitten av ny influensa A (H1N1) er det er viktig med gode rutinar for hoste- og handhygiene. Merk også at influensasjuke skal vere heime frå skulen i minimum sju dagar.
God handhygiene – det beste tipset mot influensasmitte!
- Vask hendene grundig og ofte, spesielt når du har vore ute blant folk og før du et. Bruk desinfeksjonsmiddel med sprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg.
- Bruk eingongs papirlommetørkle framfor munnen for å beskytte andre når du hostar eller nyser. Kast papirlommetørkleet etter bruk.
- Host eller nys i olbogekroken dersom du ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.
Ved utbrot av influensa
Influensasjuke bør vere heime frå skulen i minimum sju dagar. Det betyr:
Bli heime dersom du er sjuk!
Personar med den nye influensaen er smitteberande i sju dagar etter første symptoma. Influensasjuke skal derfor halde seg heime i sju dagar frå første sjukdomsdag.
Kjelde: folkehelseinstituttet: www.pandemi.no
