Sykkylvselevar deltar på klimakonferanse i Brussel.
Sykkylven vidaregåande skule har internasjonalisering som eit satsingsområde. Dei har no i 2 år vore med på eit EU-støtta elevutvekslingsprosjekt kalla Make a Difference. European Footprints on Our World. Prosjektet som dreier seg om miljø og miljømedvit, hadde i veka før påske ein avslutningskonferanse i Belgia der 6 elevar frå skulen deltok saman med elevar frå Belgia, Tyskland, England, Ungarn, Italia og Slovenia.
