Vg1-elevar 2007-2008 - viktig info om PC
Minstekrava til ein berbar elev-PC er:
- batterilevetida bør vere minimum 2,5 timar
- minst 40 GB lagring på harddisken
- minimum 512 MB RAM og prosessorhastighet på 1,5 GHz
- det trådlause nettverkskortet må støtte standardane a, b og g
Vi vil sterkt anbefale operativsystema Windows XP Professional eller Windows Vista Business for å få ei fullverdig integrering i skulen sitt nettverk og utnytting av tilgjengelege digitale verkty.
Vi vil og rå deg til å kjøpe ein berbar PC som er solid konstruert. Transport til og frå skulen og opning/lukking av skjermen fleire gongar kvar dag stiller store krav til m.a. hengsler og hengslefeste. Vi har god erfaring med IBM (Lenovo) Thinkpad T60 som VG1 elevane har nytta i 2006-2007.
Du vil kunne nytte skulen sin lisens på Microsoft Office Small Business 2007 med m.a. Excel, PowerPoint og Word. I tillegg vil du få tilgang til fleire digitale læremiddel og verkty.
