Venstre meny


Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / NYTT / VIP-prosjektet for fjerde gong

VIP-prosjektet for fjerde gong

Onsdag 3. og torsdag 4. februar vil elevane våre på Vg1 ha fokus på psykisk helse saman med fagpersonar og lærarane sine.

Skulen gjennomfører VIP-prosjektet for fjerde året på rad. Elevane vil i samarbeid med fagpersonar frå psykisk helseteam m.fl. og nokre lærarar arbeide med spørsmål omkring psykisk helse og få tips om kva dei kan gjere for å få hjelp og korleis vi kan hjelpe kvarandre. Initiativet kjem frå høgste hald - Helsedirektoratet - og i samarbeid med Møre og Romsdal fylke har VIP-prosjektet blitt gjennomført ved fleire skular i vår region og for fleire tusen elevar over heile landet.

Elevane skal sjå ein film om ei ung jente som fortel om seg sjølv og kva ho har slite med, dei skal vidare i dialogkafe (rundt koselege bord) og arbeide med oppgåver i tilknytning til filmen, dei skal i fagrom med spørsmål til fagpersonane og dei skal få informasjon om korleis og kvar ein kan få hjelp.

www.vipweb.no kan vi lese følgande:

" Psykiske problemer og lidelser er et forbigått tema i skolen. Samtidig vet vi at det sitter mange elever på hver skole med begynnende psykiske problemer. Lærerne vet det og sliter med problemene, men de føler seg ofte handlingslammet. De har heller ikke fått noen opplæring i "psykiske problemer og lidelser" i sin utdanning.

Elevene har ulike holdninger til psykiske problemer og lidelser, men ofte blir det sett på som noe mystisk og skremmende. De vet ikke hvor alminnelig det er å slite med psykiske problemer, de kan feiltolke situasjoner og de kjenner ikke igjen symptomer verken hos seg selv eller medelever.

Det er denne "uvitenheten" vi ønsker å gjøre noe med"

I følgje innbyding til VIP-kurs som fylket har arrangert for skulane er hovudmålsettinga med programmet:

"å gjere elevane betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse og bli merksame på kva hjelpetiltak dei kan kontakte ved psykiske problem og lidingar både hos seg sjølve og andre".

Les meir om VIP og psykisk helse her om du vil:

www.vipweb.no
www.psykiskhelseiskolen.no
www.psykisk.no (HDir-sider om psykisk helse, sjå link t.v. til Psykisk helse i skolen)

Sjå bilete frå VIP-gjennomføringa i januar 2009