Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / SKULEN / Frå ord til handling

'Vi er ein god skule'

Sykkylven vgs - opp og fram
er konklusjonen etter oppstartsprosessen med prosjektet 'Kunnskapsløftet - frå ord til handling'. Skulen har no gjennomført 'vurderarveka' der eksterne vurderarar (m.a. frå Utdanningsdirektoratet, FAFO og Høgskolen i Volda) har intervjua elevar, lærarar, assistentar og administrasjon.

Resultata skal brukast til finne ut kva skulen er god på, og til å finne ut kva område vi bør bli betre på. Rapporten viser at skulen vår samla sett er ein god skule, her er høg trivsel i ein god atmosfære, eit godt læringsmiljø, gode arbeidsplanar og høg motivasjon for å gjere kvarandre betre. Vi har gode og velutstyrte lokale.

Likevel har vi utfordringar i å utvikle skulen meir, m.a. korleis dei ulike fagmiljøa kan lære meir av kvarandre. Vi bør også bli betre når det gjeld IKT. Vurderargruppa har utarbeidd rapport frå vurderarveka. Denne kan du lese her.

Les gjerne meir om prosjektet i forrige nyheitsartikkel.

Frå ord til handling

Kvar staar vi - kvar vil vi
"Kunnskapsløftet - frå ord til handling" - er eit nytt prosjekt for skulen vår og som har fokus på læring og utvikling gjennom fleksibilitet og samarbeid med ulike instansar -

- og vi skal ved felles innsats m.a. arbeide for å sikre gjennomføring for elevar som kan stå i fare for å gi opp undervegs... Vi vil jobbe for den "ideelle skule" seier rektor Barbro Midtgård.

Sykkylvsbladet har laga reportasje som vi etter avtale får legge ut på våre nettsider!

Les også meir om prosjektet på Utdannngsdirektoratet sine nettsider.

"Programmet Kunnskapsløftet – fra ord til handling går inn i sitt tredje år med nye prosjekter. I tråd med departementets føringer var det to prioriterte områder i årets utlysning:
1. Økt gjennomføring – elever og lærlinger lærer mer, gjennomfører og består. Åpen utlysning
2. Tidlig innsats for livslang læring – ikke mer ”vente og se”