Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / SKULEN / Pedagogisk plattform

Sykkylven vidaregåande skule - ein aktiv læringsarena

Visjon: Sykkylven vidaregåande skule - ein aktiv læringsarena

  • Alle i skulesamfunnet har ansvar for å skape eit inspirerande arbeids- og læringsmiljø som fremjar fagleg og personleg utvikling. Eit slikt miljø må byggje på trivsel og tryggleik. For ein skule med eit breitt spekter av fagleg kompetanse, interesser og behov, er det viktig å utvikle toleranse og respekt for kvarandre. Både elevar og tilsette må oppleve at dei er verdifulle og likeverdige i eit inkluderande fellesskap.
  • Skulen skal leggje vekt på organiseringsformer og arbeidsmåtar som fremjar fagleg fordjuping. Gjennom tilpassa opplæring legg vi til rette for at alle skal oppleve meistring.
  • Skulen skal setje elevane i sentrum. Dei deltek aktivt og har medansvar for, og reell innverknad på, skulearbeidet.
  • Lærarane skal samarbeide og leggje planar for å gi elevane ei heilskapleg opplæring. Dei er aktive i rolla som kunnskapsformidlarar, tilretteleggjarar, rettleiarar og omsorgspersonar.
  • Skuleleiinga skal tilretteleggje læringsarbeidet og engasjere seg i pedagogisk utviklingsarbeid.

Eleven

  • Tek ansvar for eiga læring og er aktivt deltakande i læringsprosessen, det vil seie i planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeidet.
  • Prioriterer skulen og skulearbeidet, og planlegg eigen tidsbruk ut frå dette.
  • Kjenner læringsmåla og veit kva for evalueringsmetodar som blir brukt.
  • Har kunnskap om korleis ein lærer.
  • Utviklar sosiale eigenskapar og ansvarskjensle.

Læraren

  • Har høg fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Er fleksibel og legg vekt på kollegasamarbeid.
  • Er open for nye undervisningsmetodar som fremjar elevaktivitet, samarbeid og fagleg fordjuping.
  • Har eit bevisst forhold til pedagogiske verkemiddel og planlegg undervisninga i tråd med dette.
  • Utarbeider planar for kortare og lengre periodar.
  • Legg vekt på differensiering i undervisninga. Alle har eit meistringsbehov.
  • Lærer opp elevane i rolla som aktive og medverkande elevar (profesjonelle elevar).
  • Let elevane ta aktiv del i planlegginga, gjennomføringa og evalueringa av læringsarbeidet.

Skuleleiinga

  • Gir elevane medverknad når det gjeld pedagogiske spørsmål og skulen si organisering og drift.
  • Fører ein personalpolitikk som tek omsyn til kvar enkelt sine sterke og svake sider.
  • Legg vekt på endringskompetanse og tilbyr personalet nødvendig etter- og vidareutdanning.
  • Tilrettelegg dei fysiske rammene for læringsarbeidet, både bygningar og utstyr, og organiserer skuledagen/-året ut frå pedagogiske omsyn.
  • Syter for at den daglege drifta blir planlagt på ulike nivå i organisasjonen. Planar blir utarbeida for både korte og lange tidsperspektiv.
  • Legg til rette for felles fysiske, sosiale og kulturelle aktivitetar.
  • Driv kvalitetssikring av skulen si verksemd.