Rektor si side
Nokre ord frå rektor.....
Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med om lag 240 elevar med utdanningsprogram innan studiespesialisering, design og handverk, helse og sosial i tillegg til teknikk og industriell produksjon.
Velkommen til nytt skuleår !!
Flinke og engasjerte lærarar saman med motiverte og lærehungrige elevar gjer at skulen har mange prosjekt både lokalt og internasjonalt! Under vurderarveka hausten 2008 fekk skulen klar tilbakemelding på at vi er ein god skule! Elevundersøkinga viser at trivselen på skulen er svært god! Trivsel er ein føresetnad for læring.
Våren 2010 kan skulen kan vise til spesielt gode resultat i munnnleg eksamen og i eksamen i norsk for avgongselevane! I tillegg oppnådde elevane gode resultat i tverrfagleg eksamen i Barne- og ungdomsarbeidarfag, i Helsearbeidarfag og i Automatisering.
Kva prosjekt arbeider vi spesielt med ?
Skulen har frå hausten 2008 vore med i det nasjonale skuleutviklingsprogrammet ”Kunnskapsløftet – fra ord til handling” i regi av Utdanningsdirektoratet. Det har vore spesielt fokus på å førebyggje fråfallet særleg på yrkesfag, og målet har vore å få alle elevar til å fullføre vidaregåande opplæring med ein kompetanse til vidare studium eller yrke. Vi samarbeider med Møre Trafo, Ekornes og andre bedrifter, NAV, ungdomsskulen og PPT i dette arbeidet.
Internasjonalisering. Vi er med i EU finansierte prosjekt som Comenius og Alden Biesen (European Classes). Vi er no i gong med 3.runde med Comenius, der kvart prosjekt varer i 2 år. Vi har også vore med i EU-prosjekt som Leonardo. Elevar har reist til mange land der dei har budd hos vertsfamiliar, og skulen har fått gjenbesøk frå desse. Familiar i Sykkylven har tatt godt i mot elevane, og utan den positive haldninga hadde det ikkje vore muleg å gjennomføre desse prosjekta.
Ungdomsbedrift (UB). Skulen vår er ein pioner i bruk av metoden Ungdomsbedrift. Vi kan vise til fleire gode plasseringar, som 1. og 2. plass i KM og 1. plass og 2.plass i NM som dei beste. Det viser seg at mange av elevane som har fått erfaring med denne arbeidsmetoden startar eigne bedrifter – i rein sunnmørsk ånd!
Læring på felles arena. Eit nettverk for samarbeid med næringsliv og skule i Sykkylven, Ulstein og Haram. I Kunnskapsløftet skal elevane oppleve alternative opplæringsarenaer, og då er bedrifter godt eigna. Gjennom ulike samarbeidsprosjekt mellom studiespesialisering og næringsliv, får elevane sjå korleis nettopp fag som til dømes matematikk, språk, naturfag, samfunnsøkonomi eller norsk kjem til nytte. Vi starta eit nytt samarbeidsprosjekt med Ekornes i 2009-2010 om robotar og matematikk, og som vi ønskjer å vidareutvikle neste skuleår.
Barbro Midtgård
rektor
