Right menu

Kontakt:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Telefon: 70255700
Fax: 70255701

/ Forsiden / STUDIETILBOD / Studiespesialisering

 

Spansk II frå hausten 2011

Frå hausten 2011 blir det tilbod om Spansk II som framandspråk ved Sykkylven vidaregåande skule. Alle elevar på studiespesialisering må ha framandspråk, og det blir tilbod om Spansk II, Tysk II og, dersom det er behov for det, Tysk I. Tysk I vil vere eit tilbod til eventuelle elevar som har hatt engelsk fordjupning i staden for framandspråk på ungdomstrinnet. Det er også muleg å velgje Tysk I dersom ein har hatt spansk på ungdomsskulen. For å få vitnemål frå studiespesialisering, må ein i løpet av de tre åra på vidaregåande fullføre nivå 2 i eit framandspråk, eller nivå 1 i to ulike språk (til dømes spansk på ungdomsskulen og tysk på vidaregåande).


 

Studiespesialisering

Studiespesialisering

Studiespesialisering går over 3 år og gir studiekompetanse.

Første året: I Vg1 har alle dei same faga. I to fag må ein likevel gjere ei val: I framandspråk (tysk) vel ein nivå I eller nivå II, og i matematikk vel ein mellom teoretisk og praktisk matte.

Andre og tredje året: I Vg2 og Vg3 kan elevane velje mellom realfaglege programfag (matematikk, fysikk, kjemi, biologi) og programfag innan språk, samfunnsfag og økonomi i tillegg til fellesfaga.


 

Val av framandspråk Vg1

Nytt frå i år: alle må fullføre nivå II for å få vitnemål!

Val av framandspråk Vg1

Alle elevar på studiespesialisering skal ha framandspråk i Vg1 og Vg2, 4 timar i veka. Sykkylven vidaregåande tilbyr tysk nivå I og II. Alle fullføre nivå II for å få studiekompetanse (nytt frå skuleåret 2009/10).

Du som har hatt tysk på ungdomsskulen må:

- Halde fram med tysk på nivå II (2 år med 4 timar i veka)

Du som ikkje har hatt tysk på ungdomsskulen må:

- Starte med tysk på nivå I (2 år med 4 timar i veka) og gå vidare med nivå II med 5 timar i veka i Vg3.

Unntak:

- Viss du kan ei framandspråk godt eller har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, kan dette språket vere framandspråket ditt. Du må då dokumentere kompetansen din som privatist. Du står ansvarleg sjølve, får inga undervisning, og må opp til eksamen på nivå II. Kontakt avdelingsleiar studiespesialisering for informasjon/avtale om dette.


 

Val av matematikktype

Val av matematikk i Vg1 - Studiespesialisering

P-matte eller T-matte? Les orientering her:

Val av matematikkfag